søndag 27. desember 2015

Guidet tur

I går var me på tur rundt på heile øya.

Først kjørte me i ei halv time.  Da kom me til ein plass som han kalte koala hotspot. Der såg me den første ville koalaen!!!!! Det var kjempe gøy.

Da kjørte me videre til Flinders Chase. Det er ein nasjonal park på vestenden av Kangoroo Island. Der dro vi først ut til Remarkable Rocks. Der var det mange kule steiner som me kunne gå under og klatre på. Det var litt mye vind der men me fekk nokon fine bilder.









Her er bussen me kjørte i. Det var 11 pasasjerer og 2 guider.


Etter me var på Remarkable Rocks kjørte me ut til kysten. Der gjekk me på ein sti ned til sjøen. Det var masse sel og ein sjøløve der. På enden av stien var det ei hula der var det masse steinsøylar som hang ned fra taket, det var røttar som hadde blitt til stein. Det var kjempe kult.

Kan du telle alle selene?


Sel og sjøløve ved siden av kvarandre, sjøløve til venstre.






Etter det spiste me lunsj, det var veldig godt.


Etter lunsj drog me for og finne kenguru. Du kan få vite mer om kenguru ved og se på Jonathan sitt blogg innlegg.


3 kommentarer:

  1. Så kjekt å lesa om turen dekas. Eg syns de skriv så bra. Ha ein fin tur videre. Her snøa da litt I dag
    Linda

    SvarSlett
  2. Veldig fine bilder!

    SvarSlett